God lagkultur og idrettsglede blant barn og unge på Halsnøy

Samarbeidspartner Kvinnherad

Det er ingenting som gjer Richard Erlandsen i Halsnøy Idrettslag så glad som å sjå fotballbanen og klubbhuset fullt av barn og unge på ein vanleg kvardag. – Det betyr veldig mykje for oss å trena her, fortel Alice og Jacoba frå laget «Jenter 11».

Det er torsdag ettermiddag og Richard er på plass i det flotte klubbhuset til Halsnøy Idrettslag. Saman med oss i Haugaland Kraft heiar han på å skapa god lagkultur og samhald for dei unge i lokalsamfunnet.

Klubbhuset stod ferdig i 2019 og er den store stoltheita til idrettslaget, såvel som samlingspunkt for ivrige fotballspelarar. Her trenar A-laget, og dei i alderen 6-19 år.

Halsnøy IL jenter 11
IVRIGE FOTBALLSPELAR: Her er jenter 11 klare for dagens fotballkamp. Foto: Thomas Mortveit.

Veldig viktig arena

Halsnøy Idrettslag har faktisk hatt ein oppgang i talet på medlemmar under pandemien.

–  Lokalsamfunnet her er veldig flinke til å støtta opp om idrettslaget, og barna får gjerne høyra om fotballen allereie i barnehagen, opplyser Richard smilande.

–  Me spelar fotball både på fritida og i klubben. Det er kjempekjekt. Eg har spelt fotball så lenge eg kan hugse, så det er veldig viktig for meg, fortel fotballspelar Jacoba Størksen frå laget «Jenter 11» ivrig.

BZ2B0175
GOD PÅ BANEN: Jacoba Størksen har spelt fotball så lenge ho kan hugse. Foto: Thomas Mortveit.

Har lagt ned ein enorm innsats

Denne ettermiddagen skal klubbhuset fyllast med glade fotballspelarar. Det er nemleg kampdag for Halsnøylaget som jentene spelar på.

–  Det betyr veldig mykje for meg å spela her. Me har ein veldig stor bane kor fleire kan spela samstundes, og eit veldig kjekt klubbhus, fortel Alice Berntsen frå laget.

I bygget er det flotte garderobar, nytt utstyr, utleigelokale, kjøkken med kiosk og ikkje minst ein eigen møteplass på loftet. Her kan barn og unge samlast for gaming, spel, skravling og latter. Utanfor er det godt tilrettelagde banar og tribunar, og dessutan ein eigen bane for dei yngste spelarane.

Richard Erlandsen har sjølv fotballerfaring frå A-stallen i Brann på 90-talet, og har no eigne barn som går på fotball. Han har engasjert seg i stor grad både som trenar og styreleiar for Halsnøy Idrettslag.

–  Me har stått på veldig for å få dette til. Det gir meg utruleg mykje å få bidra. Det er så viktig at barn og unge har gode fritidstilbod, og får moglegheit til å vera i aktivitet, fortel han engasjert.

Samhaldet er viktigast

Richard seier at det mest inspirerande er samhaldet både på og utanfor banen.

– Fotball er lagspel, og ein svært god arena å læra samhald på. I fotballen jobbar fleire saman om å nå eit mål, og ein får òg gleda seg i lag når ein oppnår noko. Det handlar ikkje om å vinna. Dei føler at dei er ein del av noko, og det betyr veldig mykje. I bussen på veg heim frå kamp er det song, musikk og latter uansett om det vart tap eller siger, beskriv han stolt.

Erlandsen framhevar at det er viktig med lågterskeltilbod til dei unge i lokalsamfunnet.

– Her kan barn og unge komma akkurat som dei er, på tvers av bakgrunn og evner. Alle er velkomne og blir inkludert. Idrettslaget har òg støtteordningar slik at ein skal kunna delta uavhengig av økonomi, opplyser han.

DSC01498 (1)
ENGASJERT STYRELEIAR OG TRENAR: Richard Erlandsen har lagt ned ein enorm innsats for Halsnøy Idrettslag. Foto: Kristine Thorsen Eikeland.

Takksam for støtte

Styreleiaren er svært takksam for støtta Halsnøy Idrettslag får, og påpeikar at det er uvurderleg å få hjelp frå aktørar som Haugaland Kraft.

– Økonomisk støtte frå bidragsytarar som Haugaland Kraft er heilt avgjerande for at me skal kunna driva klubben. Kostnadene er mange, og me skal selja ekstreme mengder vaflar for å kunna dekkja opp for kostnader til bygg, utstyr, minibuss, arrangement og liknande. Det er ikkje mogleg. Viss klubben skal kunna driftast på ein god måte så må ein kunna tilby bra utstyr til spelarane, og det kostar mykje, påpeiker han.

Richard fortel at klubben er avhengig av forutsigbarheit. Der er faste bidragsytarar som Haugaland Kraft vesentlege.

– Me er veldig takksame for at dei bidreg til at me har forutsigbarheit og kan planleggja drifta. Me set stor pris på støtta me får frå dei, til glede for barn og unge i lokalsamfunnet. Det er veldig kjekt å visa besøkjande kor fint me har fått det her, og me er svært stolte av klubben, framhevar han.

Jenter 11 Halsnøy IL
KJEKK MØTEPLASS PÅ LOFTET: Her kan barn og unge samlast for gaming, spel, skravling og latter. Foto: Thomas Mortveit.

Viktig å vera ein aktiv medspelar

– For oss i Haugaland Kraft er det viktig å vera ein aktiv medspelar til at Kvinnherad og regionen utviklar seg, og at barn og unge får gode oppvekstvilkår. Regionen vår treng levande bygder og byar. Derfor bidreg me til regionalt barne- og ungdomsarbeid, samt kultur- og idrettsliv gjennom samarbeidsprogramma våre, fortel Gunn Margareth Lassesen.

Publisert