haugaland-kraft-ovrige-stromavtaler-ny

Byggjer breiband i Hålandsdalen i Suldal

Presse Altibox Nyhet

Suldal kommune har valt Haugaland Kraft som leverandør av fiber i Hålandsdalen, eit område med spreidd busetting som i dag har ustabil internettdekning, særleg vinterstid.

Hålandsdalen strekkjer seg frå Hålandsosen til Østerhus ved Nattlandsvatnet i Suldal kommune. På grunn av manglande interesse for å byggja ut nytt breiband på reint kommersielle vilkår, gjekk kommunen i januar 2019 ut med ein førspurnadom bygging og drift av breibandsnett. Haugaland Kraft Fiber vann anbodet og skal byggja ut fiber til alle innbyggjarar og verksemder i området.

– Me er svært glade for å ha vunne anbodet og kan no halda fram med det gode arbeidet som Suldal Elverk og Suldal Kommune har gjort med ei storstilt utbygging av fiber i kommunen. Me ser fram til å ta fatt på utbygginga av framtidsretta fiber i Hålandsdalen, seier direktør Jan Håland i Haugaland Kraft Fiber.

Fiber til fastbuande, hyttefolk og industri

Kontrakten blei signert i kommunehuset i Suldal den 16. desember. Til stades under møtet var direktøren i Haugaland Kraft Fiber, ordføraren, rådmannen og kommunalsjefen i Suldal kommune, og leiaren for grendeutvalet i Hålandsdalen.

Kontrakten går ut på å byggja naudsynt stamnett og spreienett i dalen. Stamnettet utgjer den delen av telenettet der hovudsentralane er kopla saman, medan spreienettet strekkjer seg frå lokale sentralar og ut til kundane.

Som følgje av utbygginga vil 65 bustader, 30 fritidseigedomar, tre småkraftverk, eit industriområde og ein idrettsplass få tilbod om høgkvalitets fiberbreibrand.

Tek samfunnsansvaret på alvor

Haugaland Kraft Fiber leverer Altibox, som for 10. året på rad kan skilta med dei mest nøgde breibandskundane i heile Noreg. Også i år kåra EPSI-undersøkinga Altibox til best i bransjen i dei tre kategoriane breiband privat, breiband bedrift og digital-tv privat. Arbeidet med å byggja ut breibandsnettet i Hålandsdalen startar opp like etter avtalesigneringa og skal etter planen vera ferdig i juni 2020.

– Eit godt samarbeid mellom kommunen, fylket, staten, innbyggjarane og oss som utbyggjar gjer det mogleg for oss å økonomisk forsvara ei utbygging –ogsåi Hålandsdalen, seier Håland i Haugaland Kraft Fiber.

Konsernsjef Olav Linga påpeikar at fiberutbygginga i Hålandsdalen er heilt i tråd med Haugalands Kraft sitt samfunnsansvar.

– Me er opptekne av å støtta opp om busetting og verdiskapingi distrikta, og har som mål å tilby fiberbreiband og annan infrastruktur til så mange som mogleg i vår region – også dei som har etablert seg utanfor tettstadene. Utbygginga av fiber i Hålandsdalen er eit prov på at Haugaland Kraft tek samfunnsansvaret på alvor», seier Linga.

Kart over Hålandsdalen i Suldal
Olav Linga
Olav Linga, konsernsjef i Haugaland Kraft AS.

Kontaktinformasjon for media:

Olav Linga
Konsernsjef Haugaland Kraft AS
Mobil 911 61324

Jan Håland
Direktør Haugaland Kraft Fiber AS
Mobil 982 37 181

Torbjørn Guggedal
Kommunalsjef Suldal kommune
Mobil 404 06 312

Jarle Haugsland
Leiar for grendeutvalet
Mobil 975 61990

Jan Håland
Jan Håland, direktør i Haugaland Kraft Fiber AS.

Publisert