– Me er framleis her lokalt for kundane i Ullensvang

Strøm Forside

Etter 15 år i Energiselskapet Odda ser Åsta Kvam Haugland positivt på framtida, som følgje av fusjonen med Haugaland Kraft. – Det har vore med på å både styrkja og utvikla tilbodet, og vil gi kundane tilgang til fleire tenester, fortel ho.

Den engasjerte salgs-og kundeoppfølgjaren har i ei årrekkje teke godt vare på straumkundane i Ullensvang, og ser fram til å halda fram med det.

– Me er framleis her for kundane og tilset i tillegg fleire. Her får ein alltid snakka med nokon lokalt, seier Åsta Kvam Haugland stolt.

Her får ein alltid snakka med nokon lokalt.

Åsta Kvam Haugland, salgs-og kundeoppfølgjar for Haugaland Kraft i Odda
Skjermbilde 2022-07-11 kl. 20.00.09


Drøymde om å arbeida på kontor

Heilt sidan ho var barn har Åsta drøymt om å jobba innan kontorfaget, og ho stortrivst i jobben.

– Som liten leika eg kontor heile tida og stempla det eg kom over, fortel ho leande og utdjupar:

–  Eg synest det er utruleg kjekt å jobba med menneske. Her får eg moglegheit til å hjelpa lokalbefolkninga med stort og smått på nett, via telefon og ikkje minst i luka her. I tillegg er det gode kollegaer, fine lokale og spennande arbeidsoppgåver. Eg ser òg verkeleg fram til å få ein ny kollega i august. Det er kjekt å kunna formidla at me framleis er til stades og satsar lokalt, påpeikar ho.

Åsta Kvam Haugland.


Ein god prosess

Åsta har sete som tillitsvald og har berre gode ting å seia om prosessen, fram til fusjonen vart ein realitet 1. april i år.

– Det har vore ein lang, god og ryddig prosess, der me har følt oss godt tekne vare på. Alle har fått moglegheit til å vera med på å påverka korleis det skulle gå, og me er svært fornøgde med at det vart Haugaland Kraft som overtok drifta. Det er heilt tydeleg at selskapet ikkje har planar om å sentralisera, men tvert i mot byggja opp Odda som eit regionkontor. Det blir kjempespennande å vera ein del av noko større og få fleire å spela på, framhevar Kvam Haugland.

Mange fordelar for kundane

Åsta påpeikar at befolkninga i regionen vil dra nytte av fusjonen på mange område.

– Haugaland Kraft har konkurransedyktige prisar, og mange fleire produkt som kundane får tilgang til. Elbil-ladeløysingane og Solkraft er gode døme på dette. I tillegg har ein utvikla kundevenlege løysingar som Kraftplugg og Mitt hjem. Desse hjelpemidla gjer det enklare for kundane å ha god kontroll på straumforbruket sitt. Ein får oversikt over straumprisar og forbruk enkelt via mobilen, og dette får no kundar i regionen vår òg tilgang til. Me har fått gode tilbakemeldingar på fusjonen, opplyser ho fornøgd og legg til:

– Haugaland Kraft bidreg òg med økonomisk støtte til lokale lag og foreiningar, og arbeider for at barn og unge skal ha gode fritidstilbod, noko som er positivt for nærmiljøet vårt.

Desse hjelpemidla gjer det enklare for kundane å ha god kontroll på straumforbruket sitt, og dette får no kundar i regionen vår òg tilgang til.

Åsta Kvam Haugland, salgs-og kundeoppfølgjar for Haugaland Kraft i Odda
Skjermbilde 2022-07-11 kl. 20.01.05


Ser lyst på framtida

Også stadleg leiar for Haugaland Kraft i Odda, Per Bjarne Mosdal,  ser lyst på framtida for regionsenteret.

– Denne fusjonen har vore med på å styrkja og utvikla tilbodet lokalt både når det gjeld kraft, nett og fiber. Dette er med på å sikra arbeidsplassar i Ullensvang kommune framover. Haugaland Kraft har ein desentraliseringsfilsofi. Dei skal tilsetja 22 nye medarbeidarar lokalt dei neste to åra, og har allereie tilsett fleire. Det er me veldig fornøgd med, framhevar han engasjert.

Dette er med på å sikra arbeidsplassar i Ullensvang kommune framover.

Per Bjarne Mosdal, stadleg leiar for Haugaland Kraft i Odda
Skjermbilde 2022-07-11 kl. 20.00.39

Byggjer opp eige gatelysteam

Etter fusjonen mellom Haugaland Kraft og Energiselskapet Odda, vart det klart at arbeid med gatelys i Odda skal drivast og utførast av Haugaland Kraft Energi. Det er seksjonsleiar for entreprenøravdelingen i Haugaland Kraft Energi, Arnold Vågen, svært glad for.

– Det er me veldig glade for, og gler oss til å komma i gong. Me har berre møtt positive og engasjerte folk i Odda, som ønskjer oss velkommen. Det er alltid kjekt å komma til Odda. Kommunen opplevast óg som svært engasjert og positiv til ny, energieffektiv og miljøvennleg belysning. Det blir eit bra samarbeid om gode løysingar, fortel han.

Målet er å bli den føretrekte leverandøren av utandørsbelysning, som vil vera til stades i nærmiljøet og som det er enkelt å kontakta for avtalar.

– Me er audmjuke og spente på at ein no startar opp i det som for oss er eit nytt og ukjent område. Me skal jobba hardt for å byggja tillit og truverd hos kundane våre, framhevar Vågen.

Seksjonsleiaren ser fram til å vera med på å byggja opp teamet som skal vera til stades i Ullensvang. Selskapet søker no to montørar lokalt

– Prosessen med å tilsetja nye, dyktige og lokale medarbeidarar er i gong. Søknader ligger ute.  I tillegg er det venta innkomst av ein heilt ny liftbil som skal brukast i Odda, opplyser han.

Har lang erfaring

Haugaland Kraft Energi har lang erfaring frå utandørsbelysning, og leverer og monterer alle typar utandørs lysanlegg – frå små, private lysanlegg til komplette lysanlegg i store vegprosjekt.

– Me har i dag 5 liftbilar, og 12 dyktige montørar som kvar dag jobbar hardt for å spreia lys og glede. Så me er klare for å hjelpa alle i Odda, både kommune, industri og utbyggjarar med gode løysingar for utandørsbelysning. I tillegg har me kompetanse på høgspenningsanlegg, som også kan vera aktuelt for industrien i Odda, fortel seksjonsleiaren ivrig.

Me er audmjuke og spente på at ein no startar opp i det som for oss er eit nytt og ukjent område. Me skal jobba hardt for å byggja tillit og truverd hos kundane våre.

Arnold Vågen, seksjonsleiar for entreprenøravdelingen i Haugaland Kraft Energi

Publisert