HK_Stjerne_blaa

Ut av «koronadvalen» – alle må bidra!

Blogg Forside

I mai må me leita fram dugnadsanda og sakte men sikkert vakna frå koronadvalen.  Det krev eit krafttak frå oss alle. Spør ikkje kva regionen din kan gjera for deg, men kva du kan gjera for regionen din!

olav
Konsernsjef Olav Linga

Av: Olav Linga, konsernsjef Haugaland Kraft

Mai er vanlegvis ein månad som struttar av optimisme. Dagane blir lengre, fuglekvitteret høgare, folk søkjer saman i turløypene og på uteserveringane og ungane tel ned til nasjonal folkefest med pølser, is, tombola og tog. Mai markerer på mange måtar slutten på «vinterdvalen». I år blir det annleis.

Me må halda avstand til kvarandre, droppa 17.mai-toget og unngå dei store sosiale samankomstane. Smittetiltaka har og vil kosta både privatpersonar og næringslivet i regionen vår dyrt. Permitteringar, redusert aktivitet, tomme kinosalar, stengde barnehagar. Arbeidsløysa i Nord-Rogaland var ved utgangen av april oppe i 13 prosent.

Viktig å halda hjula i gang

Regjeringa la torsdag fram ein omfattande plan for korleis me skal venda tilbake til normalen igjen, saman, gradvis og kontrollert. Mange har gjort sitt for å bidra til å halda hjula i gang i lokalsamfunna denne våren. Teknologibedrifter som Autostore i Nedre Vats og Sysco i Haugesund tenkjer langsiktig og rekrutterer framtidsretta kompetanse. Fleire lokale aktørar har gått saman om konseptet «Sildastream», direktesende konsertar til inntekt for lokale artistar som står utan oppdrag og inntekter som følgje av korona. Kværner på Stord har donert både millionar og verneutstyr til helsestyresmaktene på Stord.

Også Haugaland Kraft har teke del i denne dugnaden. I mars, april og mai reduserer me rekninga til straum- og fiberkundane våre med totalt 30 millionar kroner, og me har gitt millionlån til flyplassen på Karmøy for å sikra vidare drift.

Kva kan DU bidra med?

Konsekvensane av koronaepidemien kjem til å følgja oss i lang tid. Samstundes kan me no skimta lyset i tunnelen. Etter to månader med unntakstilstand ser virusutbrotet ut til å vera på retur, takka vere fellesskapet sin innsats i form av smittevern og sosial distansering. I løpet av dei siste vekene har det blitt rapportert om få smittetilfelle i i vår region, og ingen nye innleggingar på sjukehusa i Haugesund, på Stord og i Odda.

Mai er månaden der me må henta fram optimismen og sakte men sikkert vekkja regionen til live igjen etter koronadvalen. For å låna fritt frå eit velkjend sitat av ein tidlegare amerikansk president – spør ikkje kva regionen din kan gjera for deg, men kva du kan gjera for regionen din! Kan du handla lokalt? Støtta ekstra opp om kulturlivet og reiselivet i regionen ved å bruka feriepengane i heimlege strok? Tilby ei hjelpande hand til det lokale idrettslaget eller ein frivillig organisasjon? Realisera nye prosjekt som bidreg til lokal verdiskaping?

Det er i motbakke det går oppover

Det handlar om å slå ring om alle dei lokale tilboda som bidreg til trivsel og vekst, enten det er kjøpmannen på hjørnet, dei lokale festivalgründerane eller blomebutikken i heimbygda. Det handlar også om å snu utfordringane krisa har ført med seg til framtidig konkurransekraft. Det er i motbakke det går oppover, blir det sagt. Det er no me skapar arbeidsplassane for framtida. Vekstbedrifter kjem til å spela ei sentral rolle for sysselsetjinga og verdiskapinga i åra som kjem –det vil me bidra til! Me må alle våga å ta sjansar, sjå moglegheitene og utnytta dei unike ressursane og den verdifulle kompetansen som finst her på Haugalandet, i Sunnhordland og i Indre Ryfylke. Å tissa i buksa for å halda varmen er som kjend ein lite langsiktig strategi. Bedrifter som utelukkande responderer på koronakrisa med nedbemanning og kostnadskutt vil få store problem i framtida.

Alle må stilla seg spørsmålet – korleis kan me koma styrkja ut av denne situasjonen, både som lokalsamfunn, som region og som medmenneske? Kan me bli meir berekraftige, både som privatpersonar og som bedrifter? Kan me inngå samarbeid framfor å konkurrera?

Mai 2020 blir ikkje som andre mai-månader, med full rulle på uteserveringane og fargerike russ i gatene. La oss likevel leita fram dugnadsanda, spela kvarandre gode og sjå mot lysare tider. Ingen bidrag er for store, ingen for små. Dersom alle brettar opp ermane og gjer sitt, vil regionen mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden kunne stå støtt som ein minst like sterk og attraktiv region etter at koronaen har lagt seg.

Publisert