Søknadsskjema og retningsliner for tilskot til kultur- og nærmiljøtiltak på Halsnøy, Valen og Fjelbergøyane

Informasjon

Som ein del av fusjonsavtalen med Fjelberg Kraftlag, vidarefører Haugaland Kraft i 2022 praksisen med tilskot øyremerka kultur- og nærmiljøtiltak i Fjelberg sitt nedslagsfelt.

NB: Du kan ikkje lenger søkje om tilskot, fordi søknadsfristen har gått ut.

  1. Tilskotet er på 300.000 kroner og skal gå til kulturarbeid og nærmiljøtiltak på Halsnøy, Valen og på Fjelbergøyane, heretter kalla området.
  2. Tilskot skal, som hovudregel, ikkje gjevast
    a. til organisasjonar/institusjonar som primært tek seg av medlemmene sine nærings- eller økonomiske interesser.
    b. til informasjons- aksjons- og interesseorganisasjonar.
    c. til organisasjonar som ikkje er opne for alle.
    d. til organisasjonar som ikkje byggjer på demokratiske prinsipp eller som har mindre enn 5 betalande medlemmer.
    e. til organisasjonar som har til hovudoppgåve å samla inn pengar til tiltak utanfor området.
    f. som driftsstønad eller underskotsgaranti.
  3. Tilskot til kulturarbeid og nærmiljøtiltak kan berre gjevast til personar, organisasjonar og institusjonar som arbeider innan området.
  4. Tilskot skal som hovudregel gjevast til anlegg og utstyr og til arbeid/tiltak som gjev varig verdi.
  5. Tiltak som er av nyskapande og utviklande natur skal prioriterast.
  6. Midlar kan tildelast m.a. til følgjande:
    a. tiltak som fremjar gode oppvekstvilkår for born og ungdom.
    b. tiltak som styrkjer trivsel og fellesskap i nærmiljøet.
    c. andre nærmiljøtiltak som er til nytte for ålmenta.
    d. tiltak som stimulerer til kontakt og integrasjon på tvers av generasjonsgrenser og kulturskilje.
    e. kunst- og kulturfremjande tiltak og arbeid.
    f. kulturvernarbeid og andre tiltak av lokalhistorisk verdi.
  1. For anlegg/tiltak med totalkostnad på over 30.000 kroner skal det leggjast fram kostnadskalkyle og finansieringsplan.
  2. Haugaland Kraft kan stilla som vilkår for tilskot at rekneskap og årsmelding for dei seinaste 3 åra vert lagt fram.
  3. Haugaland Kraft stiller som vilkår for tilskot at laget sin logo/forretningsprofil skal profilerast i samband med tilskotet.
  4. Dersom ein person, organisasjon eller lag gjev urette opplysningar eller bryt retningslinene for tilskot, risikerer ein å måtte betale attende utbetalte midlar. Vidare mistar ein høve til å søkja nytt tilskot .
  5. Styret tildeler tilskot ein gong om året innanfor den totale ramma som vert avsett til føremålet. Fordeling av årets tilskot skjer i mai/juni. Søknadsfrist vert utlyst i lokalpressa og på våre nettsider hkraft.no. Styret skal leggja vekt på at dei ulike krinsane i området over tid får ein mest mogeleg rettvis del av midlane som vert tildelt.

Publisert